ARNE NÆSS-GJENOPPSTANDELSEN / Ludvig Uhlbors 16/9

EVENTINFORMATIONEN
Default file 1505073625

- Velkommen til Økosofi D - ein djupøkologisk hyttetur ! 

 

Er det mogleg å oppfatte verda på same måte som filosofen Arne Næss? Dette spørsmålet stilte den svenske regissøren Ludvig Uhlbors seg, før han tok med seg sitt kunstnarlege team og flytta opp på filosofen si hytte Tvergastein ved Hallingskarvet.  Her studerte dei Næss sin filosofi kalla «Økosofi T». Erfaringa frå denne studieturen kjem til nytte når Ludvig og teamet flyttar inn i Våningshuset i Jakob Sande-tunet til festivalen. Her vil dei forsøke å skape ein heilt ny økosofi for Dale - ein «Økosofi D». Når Arne Næss får høyre om dette, bestemmer han seg for å stå opp frå dei døde...

 Arne Næss – Gjenoppstandelsen er resultatet av ein kollektiv, tverrkunstnarleg prosess som har vore i gang i eit år.  Det er ein vidareføring av Ludvig Uhlfors sitt avgangsprosjekt på masterstudiet i regi på KHIO. Nærstudiar av djupøkologi og konkrete opplevingar av miljøet på Hallingskarvet ligg til grunn for framsyninga.

 

”For å løse økokrisen trengs en endring i hvordan vi forstår oss selv og vårt forhold til naturen og livet. En dypere argumentasjon basert på de dypeste verdier er nødvendig.”

 ”Naturen har egenverdi, uavhengig av den nytteverdi den måtte ha for menneskene. Naturens mangfold har egen verdi.”

 

– Arne Næss.

 Regi: Ludvig Uhlbors, Skodespelare: Arturo Tovar og Kjersti Aas Stenby, Scenografi: Kristine Gjems, Film: Kjersti Vetterstad og Kristin Astrup Aas, Lyd: Alexander Rishaug, Performancekunstnere: Hanna Sjöstrand og Ann Cecilie Lie. Produsert med støtte fra Kulturrådet og Dramatikkens Hus. Takk til Stiftelsen Tvergastein og Geir Grønflaten.