Grønlandsūtraen / Fredrik Høyer

Arrangementsinformasjon
Default file 1498218040

-Publikumssuksessen frå Nationaltheatret !


Grønlandsūtraen er ein monolog av og med Fredrik Høyer. Han er kjend for sine særeigne spoken word-framføringar, der han kombinerer element frå rap, litteratur og teater. I 2017 vart Høyer tildelt Komiprisen i kategorien Årets gjennombrot. Grønlandsūtraen går no for fulle hus på Nationaltheatret, og har fått glitrande kritikkar.


I smeltegryta utanfor T-banen på Grønland i Oslo, finst eit mylder av stemmer- ein stad i vesle Noreg der du møter den store verda. Her går du rundt og er engsteleg, kvernar på dei same tankane. Du prøver å dra hetta over hovudet og sette på ein song. Ikkje tenke noko meir på det. Men det er allereie i gang.

 

I Grønlandsūtraen er temaet resirkulasjon: Hovudpersonen si bekymring for verdas tilstand er noko som kjem og går, som i ein loop. Han høyrer og snakkar om dei same tinga, om og om igjen. Men kva er faktisk handling, og kva er berre prat? Korleis skape meining når heile verda berre er eit "Hæ”?a


«Selvironisk innsikt og åpen humor om klimaforandring, antibiotikaresistens, Tottenhams tap på hjemmebane og kjærligheten som et tapsprosjekt.» (Terningkast 5) Aftenposten


«Fredrik fra Drammen hadde fortjent en klem. Men tekstene hans, de fortjener så mye mer. En hel verden, liksom.» (Terninkast 5)  

Dagsavisen


«Se dette stykket. Jo, se dette!»

Atle Antonsen, komiker.


«Årets kulturopplevelse så langt! Helt enestående! »

Anders Baasmo Christiansen


«Jeg synes forestillingen var fantastisk. Lenge siden jeg har sett noe så ubehagelig, som allikevel varmer hjertet.»

Chirag Rashmikant Patel i Karpe Diem


Tekst og framføring: Fredrik Høyer,  regissør: Mattis Herman Nyquist,  lysdesigner: Øyvind Wangensteen, komponist/lyddesigner: Gaute Tønder. Forestillinga er produsert av Nationaltheatret