Highway Hypnosis / Transiteatret 15/9

Arrangementsinformasjon
Default file 1498221921

-Hypnotisk teater frå prisvinnande regissør !

 I omgrepet «highway hypnosis» ligg det ingen medisinsk diagnose, men snarare ein mistanke. Nemleg mistanken om at det å bevege seg hurtig framover over lang tid - til dømes i ein bil langs ein endelaus veg - til slutt vil kunne skape ein tilstand av vaken draum. Å komme inn i ein slik transeliknande tilstand bak rattet i høg fart er sjølvsagt livsfarleg. Men kva om vi overfører bilete av den einsame sjåføren som rasar av garde på motorvegen, til eit samfunn, ein by,  eit land, eller til ei heil verd? Ei  verd som blinda av eigen fart stirrer med vidopne auge inn i framtida - samtidig som den søv? Og kan nokon seie om den kjem til å vakne?


HIGHWAY HYPNOSIS -ELLER «SLEEPING WITH YOUR EYES WIDE OPEN» 

"a mental state in which a person can drive a truck or automobile great distances, responding to external events in the expected manner with no recollection of having consciously done so (…)”


Transiteatret-Bergen arbeider i skjæringspunktet mellom teater, film og musikk. Kompaniet har bak seg ein rekke kritikarroste produksjonar og har gjesta ei rekke land.  Kunstnarleg leier for Transiteatret-Bergen er regissør og dramatiker Tore Vagn Lid. Som regissør er han kjend for å skape framsyningar med klart politisk innhold. Lid har mottatt ein rekke priser og utmerkelser for sitt arbeid, bl.a. Heddaprisen, Nordisk Hørespillpris, Kritikerprisen m.fl. I 2017 fekk han Ibsen-prisen for ”Vår Ære/Vår Makt” (DNS, 2016). Lid er ved sida av sitt kunstnarlege virke professor ved Kunsthøgskolen i Oslo.  

 Highway Hypnosis er eit konsept som  utviklast i eit samarbeid mellom Transiteatret-Bergen og Prosjektprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid (PUK). Highway Hypnosis endrar seg over tid, med nye versjonar på ulike arenaer. Versjon #1 hadde preiere  ved Festspillene i Nord-Norge våren 2017, og versjon #2 har premiere under Teaterfestivalen i Fjaler.

Audio-visuelt konsept, tekst og regi: Tore Vagn Lid, Lys- og videoinstallasjoner:Birk Nygaard, Scenograf: Mari Lothrington, Film/Videoarbeider: Kyrre Bjørkaas, Thore Lindhard Garberg m.fl, Kostymer: Matilda Søderling, Lydteknikk: Mathias Grønsdal, (Jan Nedbal), Medvirkende: Torleif Julius Torgersen, Tor Christian F. Bleikli, Kjersti Aas Stenby, Matilda Søderling, Tore Vagn Lid m.fl Støtta av: Norsk Kulturråd, Bergen Kommune, Hordaland Fylkeskommune, Prosjektprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid(PUK).