RADIO FJELLOM / Tormod Carlsen 14/9

Arrangementsinformasjon
Default file 1501670151

- Unikt landskapsteater på fergekaia ! 

 

Unikt landskapsteater på fergekaia ! 

 

Radio Fjellom er ein mobil titteklubb  og lokalradiostasjon. Ved solnedgang ynskjer vi publikum velkomne inn i teltet på kaia – her får dei tildelt kvar sin radio med høyretelefonar, tøfler og tilbud om  popkorn, te og kaffe frå baren. Under framsyninga skal publikum lytte til den direktesendte radiosendinga og sjå på  landskapet framfor seg mens radio-besetninga skaper visuelle iscenesettelser. 

 

I Radio Fjellom utspelar det seg ei framsyning i tre delar. Den tek utgangspunkt i landskapsrefleksjonen; det å sitte å sjå på eit landskap og la tankar og draumar fare fritt. Denne erfaringa opner opp for å både ta imot og sende eigne ideer tilbake – og som i ein loop kan ein komme i ein tilstand av refleksjon og forundring. Radio Fjellom er ein hyllest til staden- eit scenisk dikt som hyller utsikta og refleksjonen over landskapet. 

 

Vi ber publikum om å komme  SEINAST 15. minutt før framsyninga startar, då framsyninga starter presis 19.30. Ein skal mellom anna få utlevert høyretelefoner og sjekke at alt virker. Innslepp frå kl. 19.00. 

 

Konsept og framsyninga er utvikla av Tormod Carlsen med Heidi Dalene, Björn Honsson og Kristin Jonsson, Eli Vaage, Gulli Sekse, Petter Width Kristiansen og Alf Thomas Ollett. Produsent: Kristin Skiftun. Co-produksjon: Teaterfestivalen i Fjaler, BIT Teatergarasjen, Black Box Teater

Støtta av Norsk Kulturråd, FFUK, Fond for Lyd og Bilde