Solaris Korrigert / Ane Dahl Torp & Sjur Miljeteig

Arrangementsinformasjon
Default file 1498220797

-Sjå Ane Dahl Torp i facinerande sci fi-monolog frå slutten av oljealderen !


For denne framsyninga vann Dahl Torp & Miljeteig heile tre av dei prestisjetunge Heddaprisene i 2016 - som beste førestilling, beste kvinnelege skodespelar & beste audiovisuelle design. Til Trudvang kjem ein konsertversjonen av denne heilt spesielle framsyninga.


Året er 2480. Jorda slik vi kjenner den er for øydelagt og usunn til å leve på. Aig bur i ein bydel i Stavangersand, kalla Organic 14.6. Hit kjem velståande turistar som ynskjer å oppleve levande natur i  nokre av dei få områda som framleis er urørt.  Aig er i ferd med å flytte under havoverflata, til tørrlagde oljebrønnar. Han jobbar med teknologi, rør, slangar og hydraulik, medan verda omkring i aukande grad blir omsett til eit digitalt spegelbilete. Aig fortel om arbeidsoppgåver,  tankar og draumar frå kvardagslivet slik det framstår i 2084.


«Solaris Korrigert» er ei dramatisering av diktsamlinga til Øyvind Rimbereid med same namn. Språket er ein hybrid av stavangerdialekt, dansk og gamalnorsk. Eit språk som kanskje har blitt til gjennom fleirnasjonale samarbeid i oljeindustrien. Diktet har utmerka seg ved å setje det norske oljeeventyret på den poetiske dagsordenen. I løpet av dei 11 åra etter utgjevinga av Rimbereid sine dikt har fiksjonen så smått begynt å hente inn verkelegheita: Det norske oljeeventyret er i ferd med å ta slutt.


Dette er sci fi-teater som du aldri har sett det før. (terningkast 5)

Aftenposten


En gigantisk performance ! (terningkast 5)

Dagbladet


En dystopi har sjelden vært mer fascinerende enn i «Solaris korrigert», som i Ane Dahl Torps visjon blir teaterkunst slik du aldri har sett før.

Dagsavisen


Solaris Korrigert er skrevet av Øyvind Rimbereid, og tilrettelagt for scenen av Ane Dahl Torp. Musikk, trompet og elektronikk: Sjur Miljeteig, Regi: Peer Perez Øian, Lysdesigner og visuelt konsept: Kyrre Heldal Karlsen. Produsert av Det Norske Teatret.