The Monkey Trial / tg STAN

EVENT INFORMATION
Default file 1498216467

-Historisk rettsak om mennesket sitt opphav !

Vi er utruleg stolte over å kunne presentere det internasjonalt anerkjende kompaniet tg STAN.  Dette belgiske kompaniet er kjent for sitt glitrande skodespel og sin særmerkte stil. Denne perla av ei framsyning er basert på ei historisk rettssak: I 1925 vart ein ung naturfagslærar stilt for retten av den amerikanske delstaten Tennessee, fordi han underviste elevane sine om evolusjonslæra. Han lærte elevane at menneska ikkje vart skapte av Gud slik Bibelen fortalde, men at vi stammar frå apane. Å lære vekk dette var lovstridig, sidan all undervisning skulle samsvare med den bibelske forteljinga om mennesket sitt opphav. 

Rettssaka mot den unge læraren utvikla seg til eit slag mellom fundamentalisme og modernisme, religion og vitskap, dogme og intellektuell fridom. Saka fekk mykje merksemd, og vart på folkemunne kalla The Monkey Trial. Teaterframsyninga med same namn er basert på transkripsjonar frå rettssaka. Sjølv i dag - hundre år seinare - er det tydeleg at problemstillingane frå The Monkey Trial er svært aktuelle. Fundamentalistiske krefter opplever igjen eit kraftig oppsving i den vestlege verda, i mørk samklang med ikkje-vestleg fundamentalisme.

 I framsyninga The Monkey Trial vert rettssaka spelt ut i ei dokumentarisk form. Takka vere tg STAN sin særeigne stil og meisterlege skodespel, opnar stykket like fullt for drama og humor. Denne versjonen av The Monkey Trial hadde premiere i Kulturhuset i Stockholm i 2007. Framsyninga vert spelt på engelsk. 

 
"The Monkey Trial is a hilarious exposition about biblical improbabilities in a battle fought by he-men who have right on their side. It is a rhetorical battle, as bombastic as it is futile, as the anticlimax of the eventual verdict shows, but it is also a disturbing portrait of the arbitrariness of �justice �. The Monkey Trial is a fine example of craftsmanship. The direction and the wonderful performance by the three actors as well as the surprising topicality of the material make this play an absolute must."
De Standard.

Tekst etter transkripsjon av  'The Scopes Trial'. Tilrettelegging for scena av  Robby Cleiren and Frank Vercruyssen. Medverkande: Robby Cleiren, Tiago Rodrigues and Frank Vercruyssen Lysdesign: Thomas Walgrave. Produksjon. tg STAN