The Moon / MaisonDahlBonnema

Arrangementsinformasjon
Default file 1498218791

- Pop-opera frå ei ikkje-eksistrerande framtid !

The Moon er ein pop-opera for fire songarar, der målet er at heile framføringa skal opplevast som ein stor, felles song. Publikum kan setje seg, eller bevege seg fritt rundt i rommet under framsyninga. Handlinga - om det finst ei - er lagd til ei framtid der einsemd og kommunikasjonsproblem mellom menneske har fordufta. I staden har ein evig ungdom; eit liv med tallause moglegheiter og umoglege val. I denne ikkje-eksisterande tida finst ikkje fiksjon eller verkelegheit - berre det kunstige.

 Dramaturgien er inspirert av den tradisjonelle sveitsarosten Emmentaler - der tomromma og hola mellom det manifesterte spelar ei vesentleg rolle. Songarane vil skape hol der publikum kan la tankar og fantasi boltre seg fritt. For kva om det faktisk ikkje er noko å forstå? Kva om alt, inkludert livet, er utan noko større meining? På den andre sida finst det ein lang tradisjon for å førestille seg at månen - spegelbildet av sjela vår - er laga av ost. The Moon inviterer publikum med på ei heilt spesiell reise, og ei feiring av det subnormale.

 MaisonDahlBonnema er eit norsk/nederlandsk prosjekt oppretta av Hans Petter Dahl og Anna Sophia Bonnema. Dei har tidlegare vore medlemmar av kompani som Baktruppen og Needcompany. Dei siste 20 åra har dei laga framsyningar og performative situasjonar, først i Amsterdam sidan 90-talet, og seinare over heile verda. 

"They call it 'a shining'. Hans Petter Dahl and Anna Sophia Bonnema does not deliver a traditional performance with The Moon, but an experience that has a great deal of collective ritual, an attempt to achieve shared consciousness.» Theaterkrant

Konsept: Anna Sophia Bonnema, Hans Petter Melø Dahl, Davis Freemand, Joana Preiss. Tekst: Anna Sophia Bonnema. Musikk: Hans Petter Melø Dahl. Lys: Minna Tiikkanen, Dramaturgi: Robert Steyn. Produksjon: MaisonDahlBonnema. Co-produksjon: Needcompany, BIT-Teatergarasjen, MAP, Teaterhuset Avantgarden, DanseFestival Barents, Het Veem Teater, de School van Gaasbeek. Støttt av: De Brakke Grond, Amsterdam. Gjestespillstøtte fra Norsk Kulturråd.