U-DUB/ Transitteatret- Bergen

Arrangementsinformasjon
Default file 1501060291

- Judasmesse ved midnatt !

 

 U-DUB - Øvelser i kunsten å overleve unntakstilstanden er ein scenisk DUB av regissør Tore Vagn Lid. I U-dub råder unntakstilstanden, der normale reglar og lover er sett ut av spel. Korleis tek mennesket sine val i ein situasjon der det ikkje finnast gyldige normer ? 

Framsyninga tek tak i Judas sitt dilemma frå det myteomspunne Judasevangeliet, funne av ein egyptisk gjetar ein gong på 1970- talet. Framsyninga konsentrerast rundt Judas sitt drepande politiske dilemma - nemlig det at han måtte gjøre det ultimate offer for at noko anna - noko større - skal kunne skje.

 "Og alle sa de, vi har styrken! Men ingen hadde mot nok, ingen bortsett fra Judas Iskariot” (Frå Judasevangeliet.)

Framsyninga U-Dub er ein «dubba» B-side til regissør og dramatiker Tore Vagn Lids sørgespill «JudasEvangeliet», som vart presentert på Ultima i 2013. Framsyninga ble nominert til Heddaprisen for beste ungdomsførestilling i 2017. 

 Tekst, regi og audiovisuelt konsept: Tore Vagn Lid. Utøvere (2017): Tomas Nilsson /alt. Trond Dahle perkusjon, Morten Skage (Bass), Tore Vagn Lid (gitarlele), Hilde Annine Hasselberg (Sang/melodica), Tor Christian Bleikli (skuespiller/melodica), Mathias Grønsdahl (lyd/teknikk), Øystein Nesheim (scene/lys).   Produsert av Transiteatret-Bergen i samarbeid med Dramatikkens Hus, Prosjektprogram for kunstnerisk utviklingsarbeid/KHIO (Teaterhøgskolen), Sand-Festivalen, Aust-Agder Fylkeskommune, Sisu Percussion, Kunstnerhuset Wrap.